Damaskstakk

Damaskstakk

Med same snitt i liv og stakk som Råndastakken, går damaskstakken og Råndastakken litt om kvarandre med miks av ulike ty. Det er derimot tyet i stakken, ulldamask/silkedamask, som gjev navnet til denne drakta.

 

Damaskstakken, eller damaskkjol, på bakgrunn av tya som blei brukt, var noko eldre enn Råndastakken. Dei brukte om liv og ty frå 1700-talsdraktene og tok dei med seg inn i 1800-talet.

Liva var i kalemank, fløyel, blomsterbroderi på fløyel og ull/vadmel, silkebrokade, ulldamask etc.

Lauslomma var derimot berre brukt til ein damaskstakk, og ikkje til Råndastakken.

Lauslomma var ofte brodert, med sølv/gull/metallkniplingar og treng ikkje væra i same ty som livtyet.

 

Forkle til damaskstakken var ikkje så vanleg, men var det brukt var det i myrkare ty, med blondebord, kniplinger, hekla kanter, tyllbord osv.

 

Botthuve kan fint brukast til drakta.

 

Cape eller svarttrøye var brukt som utapåklede.

STAKKESTUGGU AS, Heidalsvegen 816, 2677 Nedre Heidal, Norge  stakkestuggu@gmail.com

Tlf 1: 94253649 Tlf 2: 97163570

Copyright @ Alle rettigheiter reservert 2018