Fyrkle

Fyrkle

Forkle til Råndastakken har vore gjenom mange motebølgjer. Det var inga einsarta sak, men dei varierte etter økonomi, tilgang på material, personleg smak og fantasi. Dei kunne vera i finare ty som silke eller bomull, ofte svarte eller myrke med blonder og mellomverk. Trykte eller vevde med blomstermotiv var og brukt. Dei tidlegare forklea kunne og vera i tyngre ulldamask med påsydde silkeband og sylvkniplingar.

 

I tida for nasjonalromantikken var det kvite forkle i lin og bomull, med hardangersaum eller hekla mellomverk som var på mote. Frå 1915-20 åra og fram mot 1940-1950-talet var svarte forkle av silke eller bomullsateng med broderi i vegatabilske mønster i fleire farger populært. Dei var og med påsydde silkeband.

 

Etter den tida vart vevde halvullsforkle med striper i fleire fargar på svart, grønn eller raud botn vanleg. For barn har ein tidlegare på 1900-talet brukt småblomstra bomullsty på svart botn. Dei kvite er kome til dei seinare år. Av gamle bilete ser ein og at Råndastakken var brukt utan forkle.

 

Utvalet av ty i ulldamask, silke, bomull, og eventuelt broderte forkle er så mangt. Ta kontakt med oss for å koma innom og sjå på stoffprøver!

STAKKESTUGGU AS, Heidalsvegen 816, 2677 Nedre Heidal, Norge  stakkestuggu@gmail.com

Tlf 1: 94253649 Tlf 2: 97163570

Copyright @ Alle rettigheiter reservert 2018