Hugguplagg

Botthuve

Botthuve er ei 3 bladshuve i silkebrokadestoff med blomster, stoppa i pølsa over pannelinen, knyting med silkeband og rynking bak i nakken.

 

Variasjon med kor mykje stoppa dei er, var som oftast utfrå om du var ei ungjente eller ei gift kjerring.

Dei mest stoppa var oftast for dei gifte.

 

Levetida for desse huvene saman med Råndstakken er ikkje lang, men nok til at ein trygt kan kombinere dei med den tidlegaste versjonen av Råndastakken. Dette kan vi seie ut frå bilete og nedskrevne dokument.

 

Til damaskstakken derimot, som og har hatt status som ein bunad, kan den fint brukast saman med.

Stivaturkle høyrer til Råndastakken og var mest brukt i Norddalen, men det kan og verta brukt til fleire stakker frå dalen. Dei er i svært tynt bomullsty, registrert i alt frå 80cm til 120cm i firkant, med trykt bord rundt kanten og sentrerte blomster eller prikkar i midtpartiet. Det vanlege er kvit botn, men og gul bottfarge finst. Det trykte mønsteret er ofte svart, men og andre farger i tillegg som oftast med tyllblonder langs ytterkanten. Det finst ein del registrerte turkle med tyll i broderiet, desse var kalla kyrkje/altergangs turkle, med tambursøm.

 

Turkla stives kraftig, noko som gjev navnet, dei vert bretta og knytt på bestemte måter.

Det kunne vera noko variasjon i brette- og knytemåte bygdene imellom, men heilhetsutrykket blir likt.

Stivaturkle var ikkje til kvardagsbruk, men hengde ferdig stiva og knytt, gjerne på ein spiker eller ei stang på loftet.

Rauhuve

Rauhuve var eit hugguplagg brukt over store delar av landet.

Den er strikka dobbelt og har evt ein stripa oppbrett i kvitt og svart/blå/grønt.

Oppbretten kan og vera strikka i floss, eller så syes flossen på i etterkant av strikkinga, på innsida av huva.

Rauhuva har ei gamal historie, den var for eksempel brukt som friheitssymbol under den franske revolusjonen slik vi og brukte den under krigen 1940-45.

Huva var brukt til langt utpå 1900-talet i Gudbrandsdalen, sjølv om folkedrakta har vorte bytt ut med kjøpklær. Fabrikkar laga slike huver i tillegg til heimestrikka.

 

Hjå oss kan du få kjøpt strikkepakke med oppskrift til di eiga Rauhuve!

Stivaturkle

STAKKESTUGGU AS, Heidalsvegen 816, 2677 Nedre Heidal, Norge  stakkestuggu@gmail.com

Tlf 1: 94253649 Tlf 2: 97163570

Copyright @ Alle rettigheiter reservert 2018