Stuttrøye med knebrok og slagvest i silkebrokade, linskjorte og silketørkle.

Gudbrandsdalens herrebunad

Vår herrebunad har utgangspunkt i bunaden utarbeida på 1960-talet for Spellemannslag i Nord-Gudbrandsdalen, men med fleire folkedraktsdetaljer frå registrerte gamle draktdeler frå området.

 

Knebrok i svart vadmel, med lokk som kneppes med 6 knapper. Linningen, "livjorden", kneppes med 3 knapper. Ved kneet kneppes splitten med 3 knapper og ei linning med spenne med akantusmønster på.

 

Langbrok, same lokksystem som knebroka, men blir historisk sett berre brukt saman med stuttrøya.

 

Hosso frå gamalt av var i fleire farger, spraglete og raude, men til bunaden er det mest brukt naturkviet strikka hosso i heilull. Dei var mest glattstrikka med moderate mønster ved hælen og kne men her er det fritt fram med mønster.

 

Hossobånd fingrast for hånd og i kva for farger ein ønskjer! Dei knytast under kneet og under broka, med duskene synlege på utsida av leggen.

 

Vesten kan enten vera dobbelspent med ståkrage, eller ein enkeltspent sjalkrage. Det store mangfoldet av stoff som blei brukt i dalstrøket, damask/brokade/vevde ruter og rånder, gjer at kunden har mykje å velgja mellom og kan få eit personlig utrykk. Rutavesten er støtt dobbelspent. Ryggen er i baskerlin, enten utan spenne, med spenne eller ein håndsydd rygg med splitt og knyting med skinnsnor langs midstaumen.

Steglatrøye i naturkvit vadmel og rutavest.

Stuttrøya er i svart vadmel og er som navnet seier, stutt (kort). Rygg med midstøm og bua sidesaum. Trøya er open og skal ikkje kneppast saman men har pynteknappar og pynte knapphol på kvar framside. Bua lommer i front, slag som er festa med knapp og ståkrage. Erma har 3 knappar i kvar ermesplitt. Vert hjå oss sydd utan skulderputer og for, men viss det er ynskje frå kunden så gjer vi det.

 

Steglatrøye, "steglane" er dei isydde kilene i kvar sidesaum, det er ei trøye med røter attende frå 1500-talet. Lengda er til skritthøgde. Kjem i svart og naturkvit vadmel, har raude pyntekantar og grøn pyntesnor på krage, front, på ermesplitt og på skulderbrynjene. Jakka vert ikkje kneppast saman, men har 6 pynteknappar på kvar side. Blir sydd utan skulderputer og utan for.

 

Skjorta kan være ei maskinsydd bomullsskjorte i primærsnitt, utan broderi på linning og ståkrage, eller ei håndsydd linskjorte i primærsnitt, med broderi på ermelinning, ståkrage og skulderstykkje.

Kneppast i halsen med stettknapp/bunadsølje med nål og med bunadsmansjetter på ermelinningane.

Sjekk skjortesida vår for broderi!

 

Anna sølvtilbehør til bunaden er kniv, lærbelte med feste til kniv og lommeur.

Lang lokkbrok, sjalkragevest i svart vadmel og rauhuve

STAKKESTUGGU AS, Heidalsvegen 816, 2677 Nedre Heidal, Norge  stakkestuggu@gmail.com

Tlf 1: 94253649 Tlf 2: 97163570

Copyright @ Alle rettigheiter reservert 2018