Rettigheter Norsk Folkemuseum

Kva er forskjellen på bunad og folkedrakt?

 

Vanleg bruk av ordet bunad er ei drakt som liknar på det vanlege folk — som regel bønder — gjekk kledd i i Noreg på 1700- og 1800-talet, det som kan kallast folkedrakter. Moderne bunader byggjer som regel på festklede frå denne tida frå ulike kantar av landet, men er i mange tilfelle tilpassa nye krav. Mange bunader er rekonstruerte ved hjelp av gamle plagg som er att, medan andre er komponert noko friare, med blikk på dei gamle draktene.

 

Vidare har bunader som blei utvikla på nittenhundretalet teke inspirasjon frå kvarandre, slik at det mange tenkjer på som ein «typisk bunad» har forma brodert lang stakk og liv for kvinner og knebukser og vest for menn. Dette var ikkje drakt-tradisjonen i heile Noreg i heile dette tidsrommet, og det finst òg ulike bunader med til dømes langbukser eller utan broderi.

 

Det norske Bunad- og folkedraktrådet deler inn kleda etter kor mykje dei følgjer tradisjon og om han er ubroten eller har vore gløymd ei tid. Rådet meiner ein ikkje bør kalla fritt komponerte drakter i bunadsstil bunad, men heller til dømes festdrakt eller bygdedrakt. Rådet godtek likevel nemninga brukt om slike drakter frå den tidlege bunadsrørsla.

 

I folkedrakt-forsking skil ein mellom bunad og folkedrakt, der «folkedrakt» viser til all lokal klesdrakt frå tidlegare tider, medan bunad viser til tradisjonelle festdrakter. Samedraktar blir ofte kalla folkedrakt fordi dei ofte følgjer ein ubroten, lokal tradisjon, men kleda har samstundes mange likskapar og mykje av den same statusen som reint norske bunader.

Bunadsbruken


Moderne norsk bunadbruk blei utvikla under nasjonalromantikken, då borgarskapet fatta interesse for klede og skikkar blant bondestanden, som blei oppfatta som «rein» og upåverka av utanlandsk styre mote. Skapinga av ein norsk nasjonaldrakt blei ein viktig del av kampen for norsk sjølvstende.


Nasjonalsinna nordmenn frå byen tok til å kle seg i bondeklede for å spela teater og ved festlege høve. Bruken av bunad blei særleg halden fram ved dei frilynte folkehøgskulane og innan miljø for folkemusikk og -dans. Ein tok òg i bruk bunad som ein slags norsk uniform i turistnæringa. Men bruken vekte oppsikt og kunne føra til forarging og mobbing i samanhengar utanfor trygge bunadsmiljø.


Bunad blei eit politisk verkemiddel der ein rundt hundreårsskiftet 1900 markerte at ein ønskte Noreg ut av unionen med Sverige ved å bruka han. Bunadsbrukarar orienterte seg, i tillegg til mot norsk nasjonalisme, ofte mot Venstre, fråhaldsrørsla og målsaka. Men i løpet av nittenhundretalet blei bunad stadig meir utbreidd blant folk, uavhengig av politikk — med hundreårsmarkeringa av den norske grunnloven, i 1914, som eit markert vendepunkt. Frå 1920-talet blei det vanleg på mange skular at jenter laga eigne bunader.


Den nasjonalsosialistiske rørsla i Noreg la stor vekt bunaden, men under naziststyret under den andre verdskrigen blei bunaden òg brukt som motstandssymbol. 17. mai 1945, like etter at okkupasjonen var over, var det mange som feira sigeren med å ha på seg eit slikt symbol på det frigjorde Noreg, og i tiåra som følgde blei bunaden stadig meir populær.

STAKKESTUGGU AS, Heidalsvegen 816, 2677 Nedre Heidal, Norge  stakkestuggu@gmail.com

Tlf 1: 94253649 Tlf 2: 97163570

Copyright @ Alle rettigheiter reservert 2018