Kvinnfolk

Råndastakk

Kjært barn har mange navn, seiast det!

 

Rondastakk, råndastakk, rondakjol, snørlivkjol er blant mange navn på vår mest kjente kvinnefolkedrakt fra dalstrøket.

 

Råndastakken er ein livkjole frå Nord-Gudbrandsdalen som fyrst kom i bruk rundt 1830-talet. Rånda betyr stripa på dialekt, derav navnet råndastakken som referer kun til sjølve stakken. Dei første råndastakkene hadde ikkje dei liva med vevde rutaty som vi kanskje er mest vant med å sjå dei med, men derimot brokade/damaskliv. Dette fordi på denne tida så var det eit skifte i draktskikken i Gudbrandsdalen, frå dei todelte rokokkoliv-og stakkane, til livkjole med høgare empiresnitt i livet. Dei sydde om skjøyteliva frå 1700-talet med lekre silkestoff frå det vide utland, ofte kjøpt frå forbipasserande kjøpmenn som dei sydde på dei heimevevde råndastakkane sine. Etterkvart så vart det å veve rutastoff til liva og meir vanleg på gardane.

 

Råndastakken var både kvardagsstakk, brukt med ondtrøye i ulike ruta og blomstra bomullsty og bomullsforkle. Eller til eit festantrekk med svartrøye, finare forkle, silketørkle, med botthuve/stivaturkle og kvitskjorte (pleigg).

 

Stakken hadde ein tilnærma ubroten tradisjonsbruk fram mot 1970-talet i ulike bygder i Gudbrandsdalen. Dette var eit plagg som var brukt av dei eldre i samfunnet, men frå 1900-tallet dabba den kvardagslege bruken.

 

Det var store variasjonar i råndane, ut frå kva for ein gard det var vove på og kva for ei bygd dei kom frå. Fargane heldt seg meir til ein tilnærma lik skala med raue, bronbrente, lilla, grøne og svarte farger.

 

Råndastakken har gjennom dei nesten 200 år han har vore med i draktskikken, gått igjennom fleire variasjoner for både lengde på stakken, foldelegging og vidde.

STAKKESTUGGU AS, Heidalsvegen 816, 2677 Nedre Heidal, Norge  stakkestuggu@gmail.com

Tlf 1: 94253649 Tlf 2: 97163570

Copyright @ Alle rettigheiter reservert 2018