KURS

Kurs i saum av bunadsskjurte/pleigg

Lyst til å lære å sy di eiga bunadsskjurte/pleigg i lin?


Oss arrangerer i 2019 kurs i Heidal over 12 kvelder.

Oppstart måndag 14. januar 2019 kl. 18:00 – 21:00, kurset vil gå annankvar måndag i lokala til Stakkestuggu i Nedre Heidal.


Merk deg at det er maks 6 deltakarar, fyrst til mølla!


Pris for kurset er kr. 3.300,- som inkluderer 36 timer med tett oppfølging frå kursleiar. Du må rekne med å sy ein del mellom kurskveldane.

Materialpakke som inneheld lin, ulik lintråd og nål kjem i tillegg til kursavgifta.


I lag med historie om bunadsskjurter i Nord-Gudbrandsdalen vil du lære måltaking, klypp og montering, ulike melegg og val av pryd på linningar/skulderparti. I tillegg gjennomgang av korleis du skal stelle linen for å behalde det dyrebare plagget langt framover.


Ta kontakt for nærare informasjon og påmelding på

telefon 971 63 570, 942 53 649 eller via epost stakkestuggu@gmail.com

STAKKESTUGGU AS, Heidalsvegen 816, 2677 Nedre Heidal, Norge  stakkestuggu@gmail.com

Tlf 1: 94253649 Tlf 2: 97163570

Copyright @ Alle rettigheiter reservert 2018